Den Norske Dokumentarfilmfestivalen finner sted i Volda hvert år.
Her et lite utvalg filmer sakset fra årets programmet:
BURMA VJ- Reporting from a Closed Country
The Democratic Voice of Burma består av ei gruppe reporterar frå Burma, som i all løyndom filmar overgrepa i landet. Filmane blir smugla over grensa og vist med satellitt frå Oslo. Vi får sjå bileta som gjekk verda rundt sommaren 2007, då revolusjonen i Burma var i startfasen.
Moderne slaveri // Modern Slavery - premiere!
Thomas Robsahm sin nyaste film tek for seg gjeldsslaveri, tvangs- og barnearbeid, og trafficking. Ved bruk av inntrengjande menneskeskildringar får regissøren fram ein viktig politisk bodskap. Eitt av spørsmåla som blir stilt er: Har økonomiske og sosiale krefter interesse av å oppretthalde slaveriet?
Velkommen til Norge
Familien Okoko flyktar frå krig og massakre i Kongo, og får eit nytt liv i Noreg. Det er som ein draum. Dei får rekkjehus, klede, skuleplass for borna og pengar. Noreg verkar herleg. Men så kjem nedturen med frustrasjonar og sterkt sakn. Kvifor vert dei ikkje lukkelege i det beste landet i verda?